✳ Eit lass med juleglede

Jul 2026 · Fusst, Forum Jæren

Eit lass med
juleglede

Ei juleutstilling med gamle minne, altfor mykje pynt, ein nisse på gravemaskin – og eit ønske om å gjere nokon glad.

Ta med deg litt juleglede

Jula er ikkje like lys for alle. Men me kan vere eit lys for kvarandre.

Kvifor alt dette?

Historia bak julegleda

Eg voks opp med ei mamma og ein pappa som skapte ei heilt magisk jul. Mamma var sjølvaste «mor jul». Lysa, forventningane og den gode kjensla av å høyre til har følgt meg heile livet.

Men eg har òg opplevd andre juler. Jula 2005 budde eg langt heimanfrå i eit anna land, på den andre sida av verda, og feira heilt åleine.

Eg hugsar turen heim frå julegudstenesta, korleis eg køyrde forbi hus med lys i vindauga, der familiar sat samla rundt middagsbordet og feira jul saman. Eg visste at heime i Noreg sat familien min snart klar til å opne julegåvene.

Sjølv var eg på veg heim til ei mørk og tom leilegheit. Ingen venta på meg.

Den julekvelden lærte meg noko eg aldri har gløymt: Det som for nokon er den finaste kvelden i året, kan vere den einsamaste for andre.

Jula 2021 fekk mamma ein alvorleg kreftdiagnose veslejulaftan. Ho døydde 27. januar 2022. Det vart ikkje den jula me kjende, og åra etterpå har heller ikkje vore heilt dei same.

Eg fortel ikkje dette for at nokon skal synast synd på meg. Eg fortel det fordi eg veit at me aldri heilt veit kva menneska rundt oss ber på.

I år har eg bestemt meg for å hente fram den glade barndomsjula. På kontoret, med alt eg kan finne av lys, fargar, gamle tradisjonar og ein god dose humor. Eg har så mykje å vere takksam for. Og noko av det finaste me kan gjere med det me har fått, er å dele litt av det med andre.

Eit stille augeblikk

Når fargane forsvinn

Dette diktet skreiv eg medan mamma låg sjuk mot slutten. Det minner meg om at ikkje alle opplever jula slik me ser henne på julekort og i vindauge.

jul
når
stjerna
skin
for håp
og mørkret
snik seg inn
rett forbi gleda
og breier seg utover
alt det fine i raudt og gull
og gjer om alt det fargerike
til ein skjelvande svart-kvit film

i år

Ei lita oppmoding

Gjer nokon glad denne jula

Kven er det du køyrer forbi i år?

Kanskje kjenner du nokon som skal feire jula åleine. Kanskje ein kollega, ein nabo eller ein gammal ven. Ring ein du ikkje har snakka med på lenge. Inviter nokon inn. Del eit måltid eller litt av tida di.

For deg kan det vere ein liten ting.
For nokon andre kan det vere heile jula.

Vil du gje ei lokal julegåve?

Frelsesarmeen har eit kyrkje- og nærmiljøsenter på Bryne. Om du vil støtte arbeidet deira, kan du gje direkte til organisasjonen. Ta kontakt med Bryne korps dersom du ønskjer å vite kva som trengst lokalt, eller korleis du kan støtte julehjelp.

Frelsesarmeen, Bryne korps
Vipps: 78269 · Telefon: 51 48 15 53

Kontakt og gåveinformasjon

Denne nettsida samlar ikkje inn pengar. Ei eventuell øyremerking må avklarast direkte med mottakaren.

Du er ikkje åleine

Når jula er vanskeleg

Det er ikkje alle som gler seg til jul. Nokon saknar eit menneske. Nokon er urolege for pengar, mat eller tryggleiken heime. Andre har berre lyst til å snakke med nokon. Du treng ikkje forklare kvifor du treng hjelp.

Ved akutt fare for liv og helse: ring 113. Ved behov for legevakt: 116 117.